Lokale kulturarenaer
Regelverk
Nedanfor følgje nokre av dei mest sentrale vilkåra for tilskot. For nærare informasjon om kva retningslinjer som gjeld, ta kontakt med den aktuelle fylkeskommunen.
Vilkår for tilskot
Lokala må vera planlagde ut frå definerte behov og bør vera fleksible. Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen. Bygningane skal i størst mogleg grad fungera som kulturelle møtestader for alle grupper. Lokala skal vera opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengjast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn.
Utforming
Bygg som får tilskot skal utførast i samsvar med dei til kvar tid gjeldande føresegnene i plan- og bygningslova, jf. m.a. § 29 i plan- og bygningslova. Fylkeskommunen må medverka til at bygga blir formålstenlege ut frå formåla for prosjekta.
Kvalitetssikring av planane
Planane må kvalitetssikrast med omsyn til funksjonalitet. Fylkeskommunane må i kvalitetssikringa av planane innhenta utsegner frå relevant fagleg hald med mindre fylkeskommunen har slik kompetanse. Riksteatret kan kontaktast i kvalitetssikringa av planar om scenekunstlokale.
Universell utforming
Kulturlokala eller -arenaene som får tilskot skal vera universelt utforma i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter til denne, sjå Forskrift om tekniske krav til byggverk (Byggteknisk forskrift). Dette gjeld både tilskot til nybygging og til ombygging.
Arkitektonisk utforming
Kulturbygget eller utandørsarenaen må givast ei god arkitektonisk utforming i samsvar med funksjonen til bygningen eller arenaen og etter reglar gitt i plan- og bygningslova.
Tryggleik
Kulturbygg som får tilskot skal nyttast til kulturformål i minst 20 år etter at midlane er utbetalte. Fylkeskommunane må sørgja for tilstrekkeleg tryggleik for tilskotet i denne perioden. Dette kan gjerast ved krav om at søkjarar eksplisitt forpliktar seg til å stilla lokala til disposisjon for kulturformål i 20 år. Av retningslinjene frå fylkeskommunane kan det komma fram at bruksendring til anna enn kulturformål ikkje kan skje utan skriftleg førehandsgodkjenning frå fylkeskommunen.
Tilskotssatsar
Tilskot kan utgjera inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturbygget. For søkjarar som har krav på refusjon av meirverdiavgift skal tilskotsandelen på 1/3 bereknast ut frå prosjektkostnadene trekt frå meirverdiavgift. Dersom kulturbygget skal samlokaliserast med andre verksemder, skal det gjennomførast ei kostnadsdeling av fellesareal og sambruksareal.
Retningslinjer frå Kultur- og likestillingsdepartementet
Departementet har i rundskriv av 1. januar 2010 fastsett premissar for forvaltninga frå fylkeskommunen av ordninga.