Lokale kulturarenaer
Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg – tilskot til lokale kulturarenaer – blir forvalta av fylkeskommunane.
Tilskota skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd. Tilskot kan givast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturvernstiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan også givast til etablering av livssynsnøytrale seremonirom.
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.
Søkjarar må ta kontakt med kommunen der anlegget skal byggjast, for nærare retningslinjer og rettleiing om ordninga. Det er fylkeskommunane som sluttbehandlar søknader og forvaltar regionale retningslinjer om. Sjå sida om kontaktinformasjon til relevante einingar i fylkeskommunane i menyen til venstre.
Kor mykje kan det søkjast om?
Tilskot kan utgjera inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturbygget. For søkjarar som har krav på refusjon av meirverdiavgift skal tilskotsandelen på 1/3 bereknast ut frå prosjektkostnadene trekt frå meirverdiavgift. Dersom kulturbygget skal samlokaliserast med andre verksemder, skal det gjennomførast ei kostnadsdeling av fellesareal og sambruksareal.